Franskmannen Gwendal Cochet har sykla rundt omkring i Europa i ni og ein halv månad. Onsdag la han turen innom Stryn. Til no har han vore innom tjue land og sykla 17.000 kilometer.

Gwendal, som kjem frå Vest-Frankrike, sykla først sørover til Madrid og Spania før han la kursen austover langs Middelhavet. I tur og orden var han innom Frankrike, Italia, Albania og Hellas før han kom til Istanbul og Tyrkia.

Deretter svinga han nordover og sykla til Finland før han kom til Nordkapp.

- Istanbul og Nordkapp er høgdepunkta så langt seier Gwendal som var innom ein sportsbutikk i Stryn for å kjøpe mellom anna eit nytt dekk. Han reknar med å vere heime i Frankrike om to månader. Han vil då ha vore innom 24 land totalt og sykla rundt 20.000 kilometer.

- Korleis har veret vore på turen?

- Eg har vore heldig. I Alpane låg det litt snø i vegkanten, men elles så har det vore snøfritt, også på Nordkapp. I Austerrike var det 35 varmegrader, noko eg syntest var veldig varmt. Dei siste vekene har det vore kjempeflott ver, men kaldt.

- Kva med overnatting då?

- Eg har overnatta i telt kvar natt, og det har gått veldig fint seier franskmannen. Når det gjeld mat har det gått mykje i pasta laga på primusen.

- Norge er det dyraste landet eg har vore i, humrar Gwendal.

- Sykkelen du brukar er ikkje av det nye slaget?

- Den er rundt 20 år gamal, og ganske tung seier Gwendal. - Eg har bygd den litt om og gjort den sterkare, men ramma er original.

Han fortel at turen no går vidare til Stavanger eller Kristiansand der han vil ta båt til Danmark før ferda går vidare sørover. Når han kjem heim skal han søke etter jobb.

- Eg la ut på denne turen då kontrakta på den forrige jobben min gjekk ut.

- Så får vi sjå kva det blir til seier Gwendal Cochet som ikkje trur dette er siste sykkelturen han er på.

Gwendal Cochet har vore innom 20 land til no. Foto: Thomas Thaule