Formannskapet i Gloppen seier nei til vidare samtalar om samanslåing med Stryn og Eid. Det vart klart etter at formannskapet hadde temaet oppe til diskusjon måndag.

Til Fjordingen seier ordførar i Gloppen, Leidulf Gloppestad, at å starte ein ny prosess i forhold til kommunesamanslåing ikkje er rett no.

- Vi vil avvente å sjå an regionreforma og ta det derifrå, seier Gloppestad. Han er samtidig klar på at det å utvikle samarbeidet med Stryn og Eid er eit fornuftig steg å ta for å utvikle indre Nordfjord vidare.

Ordførar i Stryn, Sven Flo, seier at han registerer vedtaket i Gloppen og forheld seg til det.

- Vi skal ha møte med Eidordføraren og Gloppenordføraren på fredag, der vil vi konkludere vegen vidare for dei tre kommunane, seier Flo.