Onsdag kveld vart det klart at Stryn 2 skal møte Syril i kampen om KM-tittelen i 5. divisjon.

Syril slo Balestrand 4-3 i ein thriller av ein kamp. Pauseresultatet var 2-2.

Finalen vil gå på nøytral bane, nærare bestemt på Reed stadion søndag ettermiddag. Trenar for Stryn 2, Rune Ommedal, seier at laget skal vere klar til kampen sjølv om det er litt utfordringar når det gjeld spelarar.

- Frode Hool Egge er tvilsam til kampen. I tillegg blir vi straffa i sluttspelet med at spelarar som har A-kampar må ha spelt 1/3 av seriekampane til Stryn 2 for å vere aktuelle for spel.