Vest Buss Norge, Vest Buss Gruppen AS og Vest Buss Sverige AB slår seg sjølv konkurs. Det vart vedteke i styremøte måndag. Totalt 65 tilsette i Norge og Sverige står dermed utan jobb.

- Vi har arbeidd lenge for å finne løysingar, men klarte det ikkje. Utfordringa er ikkje innteninga men finansiering og gjeldssituasjonen, opplyser styreleiar for Vest Buss Gruppen AS, Per Dag Nedreberg. Tysdag køyrde han sjølv til Førde for å levere inn konkursbuet til Fjordane skifterett.

Så seint som i juni kunne Nedreberg og salsdirektør Odd Gunnar Tunold fortelje at 2016 vert det beste salsåret nokon gong for vest buss med 213 selde bussar.

- Ja, paradokset er at prognosene tilseier eit overskot på seks millionar kroner for 2016. Utfordringa handlar om stor gjeld til Iveco der vi ikkje har klart å få til finansiering, forklarer Nedreberg, og viser til rekneskapstala for 2015. Dei viser at selskapet gjekk ned frå 175 millionar kroner i omsetjing i 2014 til 100 millionar kroner i 2015. Eit negativt resultat på 6,1 millionar i 2014 vart forverra til minus 20,2 millionar i fjor. 2015 endte med negativ eigenkapital på 16,7 millionar kroner, mot pluss 9,5 mill året før.

- Vi vurderte først å ta Vest Buss Norge åleine til skifteretten, men det får konsekvensar både for Vest Buss Gruppen og vest Buss Sverige. Styra også for desse selskapa har dermed beslutta oppbod. Vi beklagar dette overfor alle våre samarbeidspartnerar, men etter å ha jobba for å finne løysing for vidare drift, hadde vi no kome til eit punkt der det ikkje var mogleg å få til, seier Nedreberg.

Vest Buss er lokalisert i Stryn, Kristiansund, Arna, Lillestrøm, Haugesund og Sverige. Norske arbeidsplassar som blir råka av konkurs fordeler seg slik: Stryn 25 personar (inklusive to i vest Buss Gruppen), Lillestrøm 17 personar, Arna 12 personar (10 av desse er tidlegare sagt opp), Kristiansund 4 personar og Haugesund 3 personar.

Stor gjeld til bussprodusenten Iveco er hovudårsaka til at Vest Buss går til skifteretten, i følgje styreleiar Per Dag Nedreberg. Foto: Bengt Flaten