Sist vinter var det fleire hopparar i verdscupen som vart diskvalifiserte på grunn av for sid hoppdress. Før hopparane skulle i elden, måtte dei innom og kontrollmåle skrittlengda på hoppdressen på toppen av bakken. Dette for å hindre at nokon fekk ekstra flygefordeler på grunn av for stor (sid) hoppdress.

No har FIS innført krav om eit ikkje-elastisk belte på hoppdressen, for å hindre buksesèg eller sagging.

- Det stemmer, vi har fått eit belte inni hoppdressen. Vi har hoppa med det i heile sommar, seier Anders Fannemel til Fjordingen.

- Har det noko å seie for hoppinga?

- Nei, eg merkar eigentleg ikkje så veldig stor skilnad.