Samferdsleutvalet hadde i går møte der innspelet frå ordførar Sven Flo om å sjå på gang- og sykkelveg på Skarstein i Olden vart presentert.

Strekninga det gjeld er regulert for gang- og sykkelveg, men fylkestinget vedtok i 2015 å ferdigstille siste del av fv 60 Olden-Innvik som planlagt, men utan at gang- og sykkelvegen skulle realiserast no.

Ordførar Sven Flo viste til nye opplysingar og uavklarte forhold i sitt brev til samferdsleutvalet.

- Brevet vart lagt fram for utvalet i møtet, men konklusjonen vart at vi ikkje ser at det ligg føre nye opplysingar i saka. Så det blir ikkje gjort nokon endringar, seier leiar i utvalet, Noralv Distad (H) til Fjordingen.

- Statens Vegvesen var representerte på møtet, og dette med nye moment omkring tilkost vart drøfta med dei. I følgje vegvesenet er det ikkje kome til nye opplysingar. Så dersom gangvegen skal realiserast må han inn seinare som eiga prioritering, seier Distad.