Den Norske Turistforening (DNT) opplever vekst i medlemstalet for18. året på rad. I år er auken ekstra stor.

– I år har vi fåttheile 20.540 fleire medlemmer enn i 2015. Det er eit historisk godtresultat – og den største medlemsauken i DNTs 148-årige historie,seier generalsekretær i foreininga, Nils Øveraas. Foreininga har no290.790 medlemmer.

Turistforeininga har dei siste åra satsaspesielt på barn- og unge, blant anna gjennom auka aktivitet ogvekst i Barnas Turlag. Tala viser at det er størst auke nettoppblant dei yngste – Barnas Turlag (0-12 år) har fått over 20 prosentfleire medlemmer i år, mens DNT Ung (13-26 år) har hatt ein vekstpå drygt 15 prosent og har passert 40.000 medlemmer. Nytt av åreter eit eige familiemedlemskap, noko DNT også merker effekten av.

–Det er gledeleg at målretta arbeid for å utvikle og forbetretilbodet gir så konkrete resultat i form av fleire deltakarar ogmedlemmer. Og at enkle nærturar og aktivitetar for barn, unge ogeldre, veks parallelt med meir krevjande aktivitetar som langturarog toppturar. Det har betydning for livskvalitet og folkehelse, ogtaler godt for at den positive utviklinga kan fortsette, seierØveraas. (©NPK)