Med to bom på siste skyting vart Johannes Thingnes Bø nummer to på normaldistansen over 20 km i verdscuprennet i Østersund torsdag kveld, halvminuttet bak franskmannen Martin Fourcade.

Stryningen kan fortelje om eit hardt løp, men at han hadde gode ski og at skytinga var bra.

- Synd det ikkje heldt heilt inn, men uansett så er det første gong på pallen på normaldistansen og eg må vere nøgd med det, seier Thingnes Bø til Fjordingen.

- Eg er der eg skal vere og det har vore ein kanonstart på sesongen for min del seier han vidare.

- Bør stryningane ta pause frå julehandelen laurdag for å følge skiskyttarsprinten då?

- Det er alltid stor interesse for skiskyting i Stryn, så eg reknar med at folk følgjer med uansett, seier ein nøgd Johannes Thingnes Bø.