Det gjekk ikkje vegen for Johannes Thingnes Bø i 10 km sprint i skiskyting i Østersund laurdag. Etter å ha gått det norske mix-laget inn til gull førre søndag, og med andreplass på 20 kilometeren torsdag, enda det altså med ein skuffande 30. plass i dag laurdag.

Johannes fekk to strafferunder og kom i mål eitt minutt og 33 sekundar bak franske Martin Fourcade som vann verdscupsprinten.

Beste norske vart Ole Einar Bjørndalen på 12. plass.

Søndag er Johannes imidlertid klar for 12,5 km jaktstart.

Tarjei Bø er som kjent ikkje med i Østersund, men det er venta at Bø er konkurranseklar om kort tid.