Første årskull på landslinje i skiskyting ved Stryn vidaregåande skule ligg inne framlegget til statsbudsjett som regjeringa og støttepartia KrF og Venstre har blitt einige om.

KrF-leiar Knut Arild Hareide lova alt i sommar å gå inn for landslinje i skiskyting i Stryn. Ikkje lenge etter ga Sveinung Rotevatn beskjed om at også Venstre hadde landslinja inne i sitt budsjettforslag. Fleire trudde nok at dette var eitt av dei budsjettpunkta som kunne ofrast, men det viste seg altså at det ikkje var tilfelle.

- Det har, som vel alle har fått med seg, vore ein lang og krevjande prosess. Vi har måtta prioritere knallhardt. Men eitt av dei punkta vi ville prioritere høgt, var nettopp landslinje i Stryn, seier Sveinung Rotevatn (V) til Fjordingen på telefon frå Gardermoen.

- Kvifor?

- Fordi vi veit at dette er svært viktig lokalt, og fordi vi trur det blir ein suksess. Det har også vore stort påtrykk frå lokalt hald, og vi er glade for å ha fått dette til, seier Rotevatn.

Sveinung Rotevatn, stortingsrepresentant og landsstyremedlem i Venstre, seier støttepartia priorterte landslinja i Stryn høgt i dei vanskelege forhandlingane om statsbudsjettet. Foto: Ove Sveen

I framlegget til statsbudsjett ligg det no inne 1 million kroner til oppstart av landslinje i skiskyting neste år.

- Det er kostnadar for oppstart av eitt årskull. Så vil det naturlegvis bli meir når det skal bli andre og tredje årskull, etter at dette har blitt den suksessen vi trur det blir, seier Rotevatn.