Stryn Energi har fått svar på søknad som gjeld legging av ein fiberoptisk kabel (breiband) i Lovatnet frå fråHogrenning via Bødalen til Kjenndalsstova. Lengda på kabelen verttil saman ca. 6 kilometer.

Loenvassdraget er verna, og søknaden har vore sendt m.a. til NVE,fylkesmannen i Sogn og Fjordane, miljøvernleiaren i Stryn kommune,Loen utviklingslag og grunneigarar ved vatnet for uttale.

I uttalen frå NVE vert det peika på at vedlandtaka bør kabelen gravast ned og ha minimum 0,5 meteroverdekking. Den bør dekkast til med stadeigne masser. Det er ogviktig at minst mogleg kantvegetasjon vert fjerna. NVE vurdererplanane slik dei er lagt fram til ikkje å krevje noko vidarehandsaming etter vassressurslova. Fylkesmannen har ikkje gjeveuttale til søknaden.

Miljøvernleiaren i Stryn kommune har vurdertsaka med omsyn til lakse- og innlandsfiskelova, og har munnleggjeve melding om at det ikkje er kartlagt gyteområde for fisk ellerandre interesser i vatnet i det omsøkte området. Sjølv om tiltaketer søknadspliktig,er det ikkje naudsynt å krevje erklæringar omansvarsrett og gjennomføringsplan for dette tiltaket.

I medhald av plan- og bygningslova vert det gjeve løyve til det omsøkte tiltaket, der det mellom anna heiter at etter attiltaket er gjennomført, skal strandsona oppryddast ogkantvegetasjon reetablerast.