Ein ungdom slapp frå det utan skader etter at han vart påkøyrd i området ved Strynehallen onsdag ettermiddag. Politi og ambulanse var på staden, men etter å ha undersøkt fotgjengaren, har lege på staden konkludert med at vedkomande er uskadd, opplyser politiet.

Frontruta er knust på bilen som kolliderte med fotgjengaren.