I høve formannskapsmøtet på onsdag inviterte ordførar Sven Flo rektor Anders Bruvoll og Randi Bjørset frå Stryn vidaregåande skule på kake. Det var sjølvsagt tildelinga av landslinje i skiskyting som vart markert.

Ordføraren karakteriserte stå på-vilja frå fleire aktørar som gull verdt i prosessen med å få landslinja til Stryn, og at det er viktig for Stryn å få dette tilbodet på plass. Flo var vidare interessert i få høyre kva som no må gjerast framover frå skulen si side, men også kva skulen forventar av kommunen og strynesamfunnet.

Rektor Anders Bruvoll og Randi Bjørset fortalde at det naturleg nok er god stemning på skulen, men at ein raskt må få organisering, anlegg, hyblar med meir på plass for å få tilbodet opp å gå. Dei ser det som naturleg å kontakte andre skular som har liknande tilbod, mellom anna på Oppdal, for å hente lærdom. Å danne ei prosjektgruppe der ein inkluderer kommunen såg dei på som ein god ide i det vidare arbeidet. Skulen var elles open for å ta i mot alle innspel i planlegginga framover.

Klemet Bø meinte at det no er viktig å marknadsføre landslinja der ein best kan nå målgruppene, og at ein må gjere tilbodet attraktivt frå starten. Stryn vidaregåande skule har allereie motteke henvendingar frå Austlandet om skiskyttartilbodet.