Norges vassdrags- og energidirektorat (NVE) seier i ei pressemelding at snøskredfaren på Vestlandet no ligg på faregrad 3 - betydeleg - på grunn av mykje nedbør.

I høgda kjem nedbøren som snø utover helga, og det vil leggje seg opp ustabile nysnøflak i leområde. Her er det fare for at skiløparar kan løyse ut skred. Der nedbøren kjem som regn kan det finnast enkelte våte laussnøskred, men det er nysnøflaka i høgda som er styrande for faregrada, opplyser NVE.

- -Det vert neppe veldig freistande turver, særleg første del av helga, men skulle nokon freistast til å gå tur i høgda bør dei vera svært forsiktig med å bevege seg inn i skredterreng, seier Kosberg. Med dårleg sikt bør ein vera ekstra forsiktig. I resten av landet er det mindre snø og lågare faregrad. - Det er likevel viktig at folk som skal ut i skredterreng alltid set godt seg inn i snøskredvarselet for området sitt og følgjer ferdselrådane der, seier vaktleiar i Snøskredvarslinga, Solveig Kosberg.

Også på lågare faregrader skjer det ulukker. Oppdaterte snøskredvarsel vert publisert på Varsom.no kvar ettermiddag, bruk dei! oppmodar NVE.