Per Myrhaug i Markane har siste dagane hatt ein ny og ikkje heilt vanleg gjest i tunet: Ei ugle.

- Eg har kome fram til at det må vere ei haukugle. Første dagen såg eg henne vel omtrent ein halv time. Så fauk ho nokre små rundar ned på marka eit par gongar, før ho sette seg opp på strengen igjen, fortel han.

Seinare har ugla kome tilbake og vagla seg på strengen ei stund igjen.

- Så det er tydeleg at ho held til ein plass her i området, seier Per Myrhaug.

I følgje Forskning.no er haukugla (Surnia ulula) ein av fuglane som trassar vinterkulda og overvintrar i Norge. Dette er ei dagaktiv ugle, det vil seie at ho jaktar på dagtid. Hovudføda er mus.