Tilliten til gjenvinning aukar, viser ei meiningsmåling. Berre 12 prosent tvilar på at drikkekartongane dei leverer inn faktisk blir gjenvunne.

Ei undersøking gjennomført av Ipsos i haust viser at delen som tvilar på gjenvinning har gått ned frå 15 til 12 prosent det siste året.

– Kvart år samlar vi inn 35.000 tonn kartongar. Ved å gjenvinne desse kartongane sparar vi nesten 140 millionar kilowatt-timar, om lag det samla energiforbruket til alle som bur i Molde, fortel Jaana Røine, administrerande direktør i Grønt Punkt Norge.

Fibrane i ein drikkekartong kan vinnast att 6–7 gongar. Om lag 2000 personar svara på undersøkinga.

(©NPK)