Anders Fannemel var i aksjon i Verdenscupen i polske Wisla laurdag. Han enda på 18. plass i finalerunda med eit godt og langt hopp på 128 meter. Fannemel hoppa seg dermed opp frå 26-plass etter første omgang med 121,5 meter.

Polakken Kamil Stoch tok ein suveren heimeseier med to hopp på henhaldsvis 133- og 124 meter, heile 16,3 poeng foran austerikaren Stefan Kraft på andreplass. Tyske Andreas Wellinger tok tredjeplassen.

Beste norske vart Daniel Andre Tande på fjerdeplass.