Den komande veka skal Stryn-spelaren trene med Viking. Han reiser til Stavanger allereie i dag søndag.

– Det er ein fin sjanse til å få vist meg fram og få kjenne på nivået, seier 16-åringen til NRK.

Dette blir ikkje første gongen 16-åringen får prøvd seg på høgare nivå. Tidlegare har han trent med nederlandske Feyenoord og engelske Derby. Haugen trur Stavangerklubben kan passe han bra.

– Det er ein bra klubb og dei satsar på unge spelarar. Det føler eg at kan passa meg bra. Det vert eit par treningar om dagen der nede, så får vi sjå kva som skjer vidare, seier han til NRK.

Trass i at Stryn rykka ned til tredjedivisjon, kan moderklubben likevel vere aktuell for den unge midtbanespelaren.

– Stryn er ein bra klubb å utvikla seg i, så vi får sjå, seier han.