Stryn sitt herrelag i handball drog det lengste strået i den viktige toppkampen mot Os i Strynehallen søndag ettermiddag.

Laga følgde kvarandre som skuggar gjennom heile kampen, og til pause stod det likt 16-16.

Heimelaget fekk tetta litt igjen i forsvar i starten av andre omgang, og scora tre mål før Os kvitterte. Dei gulkledde frå Os hadde derimot ikkje tenkt å gje seg utan ein skikkeleg kamp, men Stryn heldt seg eit par mål føre utover i omgangen.

Det hagla etter kvart med utvisningar til begge lag og temperaturen steig på benkane. Stryn heldt imidlertid stand, og mot slutten leia dei raude med fire mål. Sluttresultatet vart 36-32 til Stryn, og sjølv om lagleiar Johnny Hove ikkje var heilt nøgd med forsvarsspelet så kunne han og spelarane juble for ein viktig to-poengar som kan vise seg avgjerande i sesonginnspurten.

Stryn sitt damelag var også i aksjon søndag, heime mot Gneist. Stryn heldt godt følgje, men spesielt to periodar i kampen der bortelaget scora på sine sjansar gjorde at bergensarane til slutt vann 34-16. Likevel skal ikkje strynelaget henge med hovudet då dette var framgang frå sist møte.

Les fyldig dekning av kampane i tysdagsavisa.