Stressmeistring og tidleg innsats for å skapa trygge dyr, kan gjera dyra mindre stressa på veg til slakteriet, kjem det fram i ny rapport.

I den årlege rapporten frå Animalia kjem det fram at alle dyr burde ha eit grunnkurs i stressmeistring, fortel Nationen.

Spesialveterinær Inge Midtveit meiner at det viktigaste for dyrevelferda ikkje er kor lenge dyretransporten varer, men korleis dyra har det og korleis dei taklar nye situasjonar. Her er det store skilnader alt etter kva dyra er vande med.

– Vi ser på dyr som til dømes er vande med å bli vegne regelmessig, toler handtering betre. Vi ser også at kyr frå robotfjøs taklar handtering betre enn kyr frå båsfjøs, seier Midtveit.

Han meiner bøndene kan læra dyra å takle stress betre ved å vere bevisste om korleis dei handterer dyra og lærer dei å møte nye situasjonar.

Det same meiner styreleiar i Tyr, organisasjonen for norske storfekjøtprodusentar, Leif Helge Kongshaug.

– Den dagen dyretransporten står på tunet er det for seint å tenke på at dyra ikkje blir stressa, seier han.