No skal det bli lettare for turistar å finne fram til lokale naturperler. Neste år kan norske kommunar få sitt finaste friluftslivsområde omtala i vegboka til NAF.

Mange er interesserte i å kome seg ut på tur og drive friluftsliv også når dei er på ferie. For å gjere det enklare for turistar å finne fram til dei gode friluftslivsområda i kvar enkelt kommune, skal desse bli skildra i den nye vegboka frå NAF som kjem ut i januar 2018.

NAF og fellesorganisasjonen for 16 norske frivillige friluftsorganisasjonar Norsk Friluftsliv ønskjer difor at alle kommunar i landet no kårar sitt mest attraktive friluftslivsområde.

Oppmodinga til kommunane om å kåre sitt mest attraktive friluftslivsområde starta allereie under Friluftslivsåret i 2015. Til no er det rundt 100 kommunar som har meldt inn det området dei vil ha omtalt i vegboka. 300 kommunar har dermed framleis ei utfordring liggjande i å kåre sitt mest attraktive friluftsområde.

– Vi håpar at kommunane ser verdien det ligg i å få sitt finaste friluftslivsområde omtala i NAF-boka. Vi ser at det er ein trend at fleire legg opp til ein  meir aktiv ferie enn tidlegare, og at folk ønskjer å feriere i eige land, seier Tonje Refseth som er prosjektleiar i Norsk Friluftsliv.

NAF-boka blir trykt i eit opplag på 600 000 eksemplar og kan også brukast digitalt.

(©NPK)