Ein polsk sjåfør som onsdag vart stoppa i ein kontroll ved Kjøs bru, er utvist frå Norge.

I Statens vegvesen sin kontroll vart det ikkje registrert noko på ferdskrivaren, og sjåføren erkjente at han hadde brukt magnet for at desse systema ikkje skulle fungere. Vedkomande vart meldt til politiet for brot på køyre- og kviletida.

- Politiet har etterforska saka, og sjåføren vart pågripen. Sjåføren har vedteke ei bot på 10.000 kroner, og han fekk også eit utvisingsvedtak på to år. Vedkomande vart transportert ut av landet torsdag, seier politibetjent ved Stryn og Hornindal lensmannskontor, Vegard Dale.