Politiet melder om at Hornindal kommune sitt kommuneskilt ved fv 60 på Støverstein har blitt fjerna igjen.

Det er ikkje første gongen dette skiltet har blitt stole. Det forsvann også kort tid etter at vedtaket om samanslåing mellom Hornindal og Volda vart gjort og "hexit" var eit faktum.

I natt kom det altså melding om at også det nye skiltet var vekk.

- Opplysingar kan ringast inn på 02800, seier politiet.