- Brannen begynte i motorrommet. Årsaka veit vi ikkje, seier politiførstebetjent på staden, Vidar Stavik.

Personbilen stod parkert i Myrane i Stryn sentrum. Ingen personskadar, men bilen har fått store skadar.

Utbrent Det tok fyr i den parkerte bilen. Foto: Roger Oldeide

Det var eigaren sjølv som meldte fra om brannen. Han hadde brukt bilen søndag morgon og oppdaga sjølv røyk frå bilen.

- Eg hadde vore innom nokon og når eg kom ut igjen så rauk det frå motorrommet. Ikkje lenge etter sto bilen i fyr og flamme. Eg ringte straks brannvesenet. Dei var her ganske fort, seier eigaren av bilen til Fjordingen.

Raskt på plass Brannvesenet og politiet var raskt på plass og fekk slukka brannen søndag morgon. Foto: Roger Oldeide

- Brannen vart meldt kl. 08.27. Politi og brannvesen var på staden 08.34, opplys Stavik som ikkje har mistanke om "fikse løysingar" i motorrommet.

- Ein bil kan begynne å brenne. Det er ikkje første gong vi har fått melding om slikt, seier Stavik.