Illustrasjonsfoto

Illustrasjonsfoto

MC-førar tiltalt for å ha køyrd over 170 km/t

Ein mann i 30-åra, busett på indre Sunnmøre, er tiltalt for å ha køyrd motorsykkel i meir enn 170 km/t ein kveld i september i fjor.

I følgje tiltalen skjedde køyringa i Stryn.

- Dette er feil. Målinga skjedde på E39 i Kvivstunnelen. Deretter tok MC-føraren av på fv 60 og køyrde i svært høg fart retning Stranda, fortel politibetjent Eirik Krossen.

Mannen som er tiltalt skal ikkje ha innrømt forholdet. Men han er no tiltalt og må møte i Fjordane tingrett i byrjinga av april.

Meir å lese på Fjordingen:
Siste nyheter

y vår for familieklenodiet

Oldefar, bestefar og far har køyrt bobla frå  1967. No har fjerde generasjon - Rolf Martin Tunold (24) – fiksa på bilen i to vintrar for å få han tilbake til fordoms prakt.

– Det skjer altfor mange fallulykker

Arbeidstilsynet reagerer på at arbeidsgjevarar ikkje tek sikkerheita på alvor. No køyrer dei storaksjon for å betre forholda på norske byggjeplassar.