Stang ut Ein hårfin bom på det aller siste skotet øydela medaljesjansane for Johannes Thingnes Bø på normaldistansen i dag.
(Foto: Nordic Focus)

Stang ut Ein hårfin bom på det aller siste skotet øydela medaljesjansane for Johannes Thingnes Bø på normaldistansen i dag. Foto: Nordic Focus

Eitt treff unna pallen

Johannes Thingnes Bø låg an til ein bronsemedalje, men ein bom på det aller siste skotet på dagens normaldistanse øydela medaljesjansen. Med to tilleggsminutt totalt enda stryningen på åttande plass til slutt.

Det starta bra for markane-løparen med feilfri skyting på dei to første opphalda på standplass. Men ein bom på kvar av dei to siste skytingane kosta for dyrt.

- Eg var offensiv i dag og gjekk eit jamt og bra løp, men eg skaut kanskje litt for fort på siste skytinga, sa Thingnes Bø til NRK etter løpet.

Han vart likevel beste nordmann. Lars Helge Birkeland kom på niandeplass.

Amerikanaren Lowell Bailey vann løpet, med Ondrej Moravec frå Tsjekkia på andreplass. Martin Fourcade frå Frankrike sikra seg nok ein medalje med sin tredjeplass.

 

Meir å lese på Fjordingen:
Siste nyheter

Lagkonkurransen i hopp i Planica:

Norge flaug lengst

– Kjenner oss velkomne i Stryn

– Vi er overvelda over responsen, seier Ann-Kristin Pettersen-Lillestøl, driftsansvarleg ved Pizzabakeren i Stryn.