Kun éin av fire lærarar i grunnskulen vil fortsetje som lærar til dei er 67 år. Den viktigaste årsaka er for mange elevar per lærar.

I tillegg til at kvar fjerde lærar ønskjer å slutte før pensjonsalder, er det omtrent like mange som seier at dei sannsynlegvis vil slutte i skulen til fordel for eit anna yrke, skriv Dagens Perspektiv.  Den siste gruppa seier ifølgje Utdanningsforbundet at dei anten vil førtidspensjonere seg eller er usikre på om dei vil fortsetje som lærar fram til pensjonsalder.

Tala er henta frå ei undersøking gjort av Respons Analyse på vegner av Utdanningsforbundet. 6693 lærarar som er medlemmer i Utdanningsforbundet har svart på undersøkinga.

– Det at lærarar sluttar er urovekkjande, fordi vi er i ein situasjon der det er mangel på lærarar og det blir utdanna for få, seier skuleforskar Thomas Nordahl ved Høgskolen i Hedmark til Dagens Perspektiv.

Dei siste åra har store summar blitt tilført kommunane for å auke lærartettleiken, utan at det har hjelpt. Lærartettleiken i grunnskulen har vore omtrent konstant i den same perioden.

(©NPK)