To stryningar har sentrale roller på skiskyttarstafetten i VM laurdag. Både Johannes Thingnes Bø og Tarjei Bø er uttekne til å gå kvar sin etappe.

Ole Einar Bjørndalen går opningsetappen og sender Emil Hegle Svendsen ut på andre etappe. Tarjei Bø skal gå tredje etappe og sende veslebror Johannes ut på ankeretappen. Det betyr at yngstemann på laget får den mest prestisjefylte etappen i ein VM-stafett der Norge er rekna som favoritt.

- Eg er nervøs og spent, men ein gong må vere den første. Det er ein stor dag å vere fjerdemann på stafetten for Norge, seier Johannes til NRK like før starten.

Johannes har vore sjølvskriven på laget lenge, medan det har vore meir tvilsamt rundt storebror Tarjei sitt kandidatur. Men torsdag kveld fekk han altså klarsignalet.

- Tarjei har vist veldig stigande form i det siste og vi veit kva han er god for, difor har vi valt han til å gå stafett, fortel landslagssjef Egil Kristiansen til Fjordingen.