Andreas Solvik har sendt inn to forslag til alternativ plassering for ei dagsturhytte i Hornindal. Det eine forslaget er på Langhillja, ca 600 meter over havet og ca 20 minutt gange frå Svorasetra og 40-45 minutt frå trimposten ved Kjøsahalsen.

- Her er ei hytte som ramla ned sist vinter. Eigarane av hytta, Grodås jaktlag, har antyda at dei ikkje kjem til å setje opp ny hytte. Tomta der vil passe svært fint til føremålet, skriv Solvik i brevet til Hornindal kommune. Han skildrar ei tomt med flott utsikt og beliggenheit, med utsyn nedover Hornindalsvatnet mot Sudstranda og Eid, nedover mot Kjøs og innover Markane.

- Om ein beveger seg 100 meter nordover ser ein store delar av Hornindal og innover dalen. Aktiviteten i dette området har auka vesentleg etter at løpet Hornindal Rundt starta opp. Hytta vil og kunne ha funksjon som sikringsbu for løpet, poengterer Solvik.

Han lanserer også eit alternativ i Grendadalen, ved Ryggjamyra eller i området ved brua over elva som kjem frå Guridalen.

- Lykke til med valet av plassering av dagsturhytte. Eg håpar kommunen prioriterer prosjektet slik at midlane frå Sparebankstiftinga kjem bygdefolket til gode, skriv Solvik.