Mariann Rosa Thomassen eller "Mariann Rosa", som er artistnamnet hennar, er ute med ny singel igjen - eit samarbeidsprosjekt.

Artisten frå Stryn vart kjend låtskrivar, vokalist og frontfigur i trashp-pop-bandet Surferosa. Dei siste åra har ho satsa solo, og etter at det første soloalbumet hennar, «Hype», kom ut har ho turnert i Norge og spela på festivalar og klubbkonsertar i London. Vanskeleg å setje i nokon musikalsk bås, ofte er musikkstilen omtala som like eksentrisk og fargerik som artisten sjølv på scena.

No er det nye klangar ute på marknaden igjen, denne gongen av den mørke sorten, i samarbeid med den britiske artisten Ray Noir.

Ray Noir er kjend som både artist og DJ i London. Den første singelen hans, «Double Trouble» fekk mykje og god omtale i media. Ein av dei som vart begeistra var kjendisbloggaren Perez Hilton, som inviterte Ray Noir til å spele i L.A. etter debuten.

Den nye singelen, "All alone", handlar om å vere åleine etter brot i kjærleiken. - Begge hadde kjærleikssorg då vi spelte inn. Skikkeleg, fortel Mariann Rosa.