Eit Stryn sentrum, førebels utan snø, skal igjen vere arena for Treskifestivalen som går av stabelen komande laurdag.

Gode hjelparar Knut Håvard Egge (t.v) i Egge Transport AS er ein av fleire som bidreg til at Treskifestivalen kan arrangerast på snø laurdag. Festivalleiar Torstein Tvinnereim er sjølvsagt takksam. Foto: Roger Oldeide

Tvinnereim siktar til mellom andre Elias Sandbakk AS og Egge Transport AS som i skyttel frakta om lag 400 kubikkmeter med snø til Stryn sentrum frå eit allereie snøfattig skisenter onsdag kveld.

Tvinnereim kan opplyse om at 20 lastebillass med snø må til for å lage den 600 meter lange skiløypa som vil sete sitt preg på Stryn sentrum i helga.

- Eg har sett kvitare snø, men det får våge seg, smilar festivalleiaren.

400 kubikkmeter snø Festivalleiaren kan konstatere at det første av 20 lastebillass er kome til Stryn sentrum. Foto: Roger Oldeide