I 2016 jobba 10 prosent av tilsette i norske bedrifter regelmessig på søndagar. Delen som jobbar på søndagar har vore stabil dei siste ti åra.

I praksis vil dette seie at dei tilsette jobba to søndagar i ein periode på fire veker, viser tala frå Statistisk sentralbyrås (SSB) arbeidskraftundersøking.

I tillegg jobba 15 prosent av arbeidstakarane på søndagar av og til. Delen som jobbar søndagar anten regelmessig eller av og til har vore stabil rundt 25 prosent dei siste ti åra.

Blant dei som jobbar regelmessig utanom vanleg arbeidstid på dagtid, er det mest utbreidd å jobbe laurdagar og deretter på kvelden. Deretter følgjer søndagar og til slutt nattarbeid.

I 2016 jobba 1.665.000 tilsette i hovudsak innanfor tidsrommet måndag-fredag klokka 06–18. Rundt 32 prosent, nesten 800.000 tilsette, hadde sin hovudjobb utanom ordinær arbeidstid. Det er skiftarbeid og turnus som er dei mest vanlege arbeidsformene utanom dagtid.

Det er innan varehandel, overnatting og serveringsverksemd det er mest vanleg å jobbe utanom vanleg dagtid, viser tala frå SSB.

(©NPK)