Den eine av dei fire pågripne i samband med forsøket på ran av ein minibank i Stryn natt til torsdag er sett fri og utanfor mistanke.

- Han var på feil stad til feil tid då politiet stoppa dei mistenkte på Lom. Vedkomande, ein mann frå Litauen, kom i eigen bil kort tid før dei tre andre. Litaueren er kjent for politiet frå tidlegare saker, men hadde ikkje noko med denne saka å gjere. Etter avhøyr torsdag vart han køyrd tilbake til Lom, opplyser lensmann Lasse Trosdahl.

Dei tre andre mennene, alle menn frå Romania, vert fredag føremiddag framstilt for varetektsfengsling ved Fjordane tingrett. Det er venta kjennelse i løpet av ettermiddagen.

- Ingen av dei tre karane som alle er i 30-åra har ønska å forklare seg til politiet. Men vi føler oss rimeleg trygge på at vi har dei rette mistenkte, seier Lasse Trosdahl.

Då dei tre vart stoppa av politiet på Lom, køyrde dei ein norskregistrert Suzuki Vitara, truleg ein leigebil.