Oskar Guddal Breivik frå Stryn og Markane IL gjekk i dag heilt til topps på sprinten under hovudlandsrennet i skiskyting i Meråker. Ingen kunne tukte stryningen, og Oskar var 9,5 sekund føre nummer to, og 15 sekund før nummer tre.

Med ein bom på kvar skyting gav han alt han hadde på sisterunden, og det vart lenge å vente etter målgang for Oskar som hadde startnummer 4.

- Då eg kom i mål håpa eg det skulle halde til pallen, så eg gjekk nervøst omkring i målområdet i ein time før alt var avgjort.

Då sistemann hadde gått i mål var det klart at talentet frå Stryn hadde vunne, noko han sjølvsagt var veldig glad for.

- Eg hadde utruleg gode ski, det må eg takke pappa for, sa Oskar til Fjordingen like før premieutdelinga.

Fredag vart Oskar nummer sju på normaldistansen, eit resultat han ikkje var heilt fornøgd med. Difor smakte gullmedaljen ekstra godt i dag.

Søndag går Oskar stafett i lag med Bendik Vereide, Ask Haughovd og Lasse Flo Bødal, alle frå Stårheim IL.