Av ei fellingskvote på 113 jerv blei det felt 69 denne fellingssesongen. Miljødirektoratet seier det er ei positiv utvikling, men at det framleis er rom for å ta ut fleire dyr.

Samanlikna med tidlegare år er ein større del av lisens-kvoten, på uttak av jerv, fylt denne sesongen. Det er likevel naudsynt med ekstraordinære uttak i visse delar av landet for å redusere skadeomfanget på husdyr og tamrein.

– Lisensfelling skal vere det viktigaste verktøyet for å regulere jervebestanden. Det er framleis rom for betring, men det er positivt at det i år er teke ut ein større del av kvotane, seier Ellen Hambro som er direktør for Miljødirektoratet.

I alt blei det felt 69 dyr, av ein kvote på 113, i lisensfellingsperioden, frå 10. september til 15. februar.

(©NPK)