Anders Fannemel er kvalifisert for søndagens renn etter å ha blitt nummer 25 i kvalifiseringsrennet.
            (Foto: Tadeusz Mieczynski)

Anders Fannemel er kvalifisert for søndagens renn etter å ha blitt nummer 25 i kvalifiseringsrennet.Foto: Tadeusz Mieczynski

Kvalifisert til søndag, men trur ikkje han hoppar laurdag

Anders Fannemel er tilbake i rekordbakken i Vikersund, men med låg fart vart det ikkje noko svev over 200 m for honndølen i kvalifiseringsrennet i kveld.

- Det var eigentleg eit positivt hopp, eg hadde mykje betre kontroll på bakken ut i hoppet no. Men så var eg ikkje heilt trygg nok til å «vippe over bobla» og byrje å fly. Så då vart det landing oppi bakken, sa honndølen, som landa på 196,5 m. Det var til tider svært vanskelege og varierande forhold i bakken, med lite oppdrift og svak bakvind, men Fannemel ville ikkje skulde på forholda. – Det er muligheiter til å fly her om ein klarer å ha med seg nok fart til å kome over bobla, sa han.

Denne omgangen var kvalifisering til rennet på søndag, og tel samstundes med i Raw Air samanlagt. Kvalifiseringa vart vunnen av Kamil Stoch med eit svev på 226,5 m, framfor Andreas Wellinger med 213 m (lågare avsats) og Domen Prevc (220 m).

Laurdag er det laghopping i skiflygingsbakken i Vikersund. Anders Fannemel hadde sjølv lita tru på at han ville bli teken ut på laget.

- I alle fall om det blir amerikansk uttaking, sa honndølen, som før rennet berre var sjette beste nordmann med sin 42. plass, etter at han fekk ein dårleg start på turneringa med diskinga i Holmenkollen.


Samanlagtlista for Raw Air så langt finn du her.

Meir å lese på Fjordingen:
Siste nyheter

Posten åtvarar mot dårlegare tenester

Posten hevdar dei 165 millionane regjeringa løyver for å sikre post i fem dagar, er ein halv milliard mindre enn det faktisk kostar.

Følg med på kjøp og sal der du bur

Få oversikt over kva eigedomar som er kjøpte og selde i Stryn og Hornindal. Dette er eit tilbod til dei som abonnerer på Fjordingen. Kartet gir oversikt over kjøp og sal av eigedom for dei siste 30 dagane.

Operaen «Sildagapet» gjekk for smekkfulle hus:

– Hjartevarmande respons!

Søndag er det klart for TV-aksjonen

Verdas største dugnad