Over 130 deltakarar fekk ei flott oppleving i årets Rando 3000. Ei litt kortare løype enn først planlagt på grunn av rasfare, med 2200 høgdemeter, vart gjennomført med stil. Berre smilande, men sveitte fjes kom over mål og fortalde om strålande tilhøve. Flott nysnø, delvis sol og ikkje vind på fjelltoppane vart kommentert etter målgong. Arrangøren fekk svært positive tilbakemeldingar både av løparane og av utsendingar frå Norges Skiforbund.

Spanske Kilian Jornet vann herreklassen med suverén tid, 2.18,49.  Nr. 2 vart Lars Erik Skjervheim, 2.21,15, nr. 3, Rune Morten Johansen, 2.32,49. Dei to veninnene frå Sverige, Ida Nilsson og Emilie Forsberg rende hand i hand over mål på tida 2.51,01. Malene Haukøy og Stine Haustreis, nr. 2 og 3. Det deltok løparar frå S.T.&Il og Markane også.

Les meir i tysdagsavisa.