Anders Fannemel var godt nøgd etter å ha strekt seg til det nest lengste hoppet i søndagens konkurranse. Hoppet på 244 meter kom i andre omgang, etter eit prøvehopp på rett over 206 meter og 229 meter i førstehoppet.

Eg sa at eg trengte tre hopp fredag, så eg måtte begynne litt på nytt att i dag. Men på det tredje hoppet sat det, seier Fannemel.

- Eg skulle gjerne hoppa i går også. Det var kanskje endå finare forhold då, legg han til med eit forsiktig smil.

Fannemel meiner han fekk gode tilhøve i det andre hoppet, og kunne kanskje strekt seg endå litt til.

- Men eg var ikkje budd på trykket som møtte meg. Men veldig moro å ta med seg inn mot Planica, avsluttar honndølen som enda på ein 13. plass.