Anders Fannemel var godt nøgd etter andrehoppet i Vikersund. Med 244 meter var han nest lengst i søndagens konkurranse. Her gratulert av den tidlegare tyske storhopparen Dieter Thoma.

Anders Fannemel var godt nøgd etter andrehoppet i Vikersund. Med 244 meter var han nest lengst i søndagens konkurranse. Her gratulert av den tidlegare tyske storhopparen Dieter Thoma.

- Moro å ha med seg inn mot Planica

Anders Fannemel var godt nøgd etter å ha strekt seg til det nest lengste hoppet i søndagens konkurranse. Hoppet på 244 meter kom i andre omgang, etter eit prøvehopp på rett over 206 meter og 229 meter i førstehoppet.

Eg sa at eg trengte tre hopp fredag, så eg måtte begynne litt på nytt att i dag. Men på det tredje hoppet sat det, seier Fannemel.

- Eg skulle gjerne hoppa i går også. Det var kanskje endå finare forhold då, legg han til med eit forsiktig smil.

Fannemel meiner han fekk gode tilhøve i det andre hoppet, og kunne kanskje strekt seg endå litt til.

- Men eg var ikkje budd på trykket som møtte meg. Men veldig moro å ta med seg inn mot Planica, avsluttar honndølen som enda på ein 13. plass.

Meir å lese på Fjordingen:

Fylkesutvalet vil ha grensa ved Kjøshammaren

Tilrår at heile Kjøs vert innlemma i Stryn.

Etter alle utforkøyringane i Hornindal:

Forsterkar, set opp autovern og justerer brøytestikker

Etter dei mange utforkøyringane på fv 60 i Hornindal dei siste dagane set vegvesenet i verk fleire tiltak.

Ros for god utgreiing om grensejustering

Hornindal-rådmann Ann Kristin Langeland fekk stor ros for ei god saksutgreiing då Fellesnemnda for nye Volda kommune handsama saka om grensejustering mellom Stryn og Hornindal torsdag.

Tilrår å avvise alle klagar

Rådmannen tilrår formannskapet å avvise klagene på tildeling av Oldenleiarne

Utbetring av dam Holevatnet

Prislapp på 19,5 millionar

Ber formannskapet om fullmakt til låneopptak