Markane IL får bankgaranti

I høve utbetring og rehabilitering av Ullsheim har Markane IL fått bankgaranti frå Stryn kommune.

Ullsheim Markane IL skal mellom anna rehabilitere stadion og lysanlegg i løyper Foto: Roger Oldeide

New Articles

I samband med rehabilitering av lysanlegget i løyper og stadion Ullsheim, har Markane IL søkt kommunen om bankgaranti på inntil kr. 4.000.000. Stryn formannskap handsama saka onsdag og gjekk samrøystes inn for rådmannen si tilråding om bankgaranti pålydande kr. 2.880.000.

- Stryn kommune gjev Markane idrettslag ein simpel garanti på inntil kr. 2.880.000,- i ein periode inntil 20 år. Dette føresett at spelemidlar og mva kompensasjon umiddelbart blir brukt til ekstraordinær innbetaling å lån i Sparebanken Sogn og Fjordane for å få ned langsiktig gjeld.

Også kommunestyret skal handsame denne saka.

Klubben sitt prosjekt er tredelt og tek for seg mellom anna lyssetjing på rulleskibana og lys i området ved hoppbakkane.

Rådmannen la vekt på at utifrå den totale kostnaden så er lånegraden låg. Han argumenterte for at ei rehabilitering av lysanlegget i løyper og på stadion vil vere eit løft for heile anlegget på Ulsheim.
Klubben har og fått tildelt spelemidlar for alle tre prosjekta og det meiner rådmannen viser at dette er eit viktig og prioritert satsingsområde.

- Men Markane Idrettslag kan få problem med beteninga av lånet om ikkje inntektene aukar. Når det gjeld spelemidlane dei har fått innvilga, har dei allereie fått tilvisning om utbetaling av kr. 1.120.000. Det er forutsatt at desse skal brukast på nedbetaling av lån og sidan lånet ikkje er utbetalt vil lånebehovet går ned til kr. 2.880.000, heitte det frå rådmannen si vurdering av saka.