Politiet hadde måndag fartskontroll i 60-sona i Hornindal.

To sjåførar fekk inndrege førarkortet etter å ha køyrt i høvevis 89 km/t og 90 km/t, skriv politiet på Twitter.

I tillegg skreiv politiet ut 14 forenkla førelegg i kontrollen. 13 av desse var grunna for høg fart, medan ein fekk førelegg grunna bruk av handhalden mobiltelefon.

Ein sjåfør fekk gebyr for ikkje å ha brukt bilbelte.