Illustrasjonsbilde

Illustrasjonsbilde

To førarkortbeslag i Hornindal

Politiet hadde måndag fartskontroll i 60-sona i Hornindal.

To sjåførar fekk inndrege førarkortet etter å ha køyrt i høvevis 89 km/t og 90 km/t, skriv politiet på Twitter.

I tillegg skreiv politiet ut 14 forenkla førelegg i kontrollen. 13 av desse var grunna for høg fart, medan ein fekk førelegg grunna bruk av handhalden mobiltelefon.

Ein sjåfør fekk gebyr for ikkje å ha brukt bilbelte.

Meir å lese på Fjordingen:
Siste nyheter

y vår for familieklenodiet

Oldefar, bestefar og far har køyrt bobla frå  1967. No har fjerde generasjon - Rolf Martin Tunold (24) – fiksa på bilen i to vintrar for å få han tilbake til fordoms prakt.

– Det skjer altfor mange fallulykker

Arbeidstilsynet reagerer på at arbeidsgjevarar ikkje tek sikkerheita på alvor. No køyrer dei storaksjon for å betre forholda på norske byggjeplassar.