Dei tre mennene frå Romania som er sikta for forsøk på innbrot mot minibanken i Stryn, er varetektsfengsla for fire nye veker. For to av dei vart forlenga varetektsfengsling avgjort ved såkalla kontorforretning, fordi dei samtykte til forlenging. For den tredje vart saka avgjort i rettsmøte i Fjordane tingrett.

Mennene vart pågripne i Lom 23. februar, etter at dei hadde bora to hol i minibanken i Stryn i forsøk på å tappe den for pengar, for deretter å stikke av i leigebil over Strynefjellsvegen.

Varetektsfengslinga gjeld til 21. april.