Næringskomiteen si innstillinga om jordbruksmeldinga er utsett til 6. april.

- Skuffande, seier leiar i Sogn og Fjordane bondelag, Anders Felde.

- Vi har venta på denne innstillinga, fordi rammene for kva som skal skje med Vestlandslandbruket framover blir lagt i denne meldinga. Derfor er eg veldig skuffa over at regjeringa i tolvte time bestemmer seg for ikkje å halde tidsplanen, seier Felde i ei pressemelding.

- Vi fryktar at dette kan bli eit storpolitisk spel, der regjeringa lokkar Venstre og KrF til forhandlingsbordet for å få gjennom meir av meldinga frå mat- og landbruksminister Jon Georg Dale. Saka skulle etter planen opp til behandling i Stortinget tysdag 28. mars, men i dag om beskjeden om at innstillinga er utsett, fordi regjeringspartia Høgre og Frp i følgje Nationen vil forhandle vidare med samarbeidspartia Venstre og KrF.

No må KrF stå på landbruksgarantien dei har løfta fram. Vi forventar at dei saman med Venstre held fram med å sikre gode rammevillkår for framtidig matproduksjon, seier Anders Felde i pressemeldinga.