Eit strålande førstehopp på 243 meter gjorde at Anders Fannemel låg heilt oppe på 5. plass etter første omgang i skiflyging i Planica fredag.

Med det hoppet følgde Fannemel opp prøveomgangen der han hadde landa på 231 meter.

- Det ser ut til at Fannemel har knekt koden i bakken, sa NRK sin hoppekspert Johan Remen Evensen etter honndølen sitt lange svev.

Sjølv sa Fannemel at sittestillinga var på plass, og at han greidde å fly langt nedover i bakken.

Men håpet om ei topplassering forsvann då Fannemel berre nådde 215 meter i andre omgang. Med det hoppet ramla Fannemel ned til ein niandeplass til slutt, med lagkamerat Robert Johansson på plassen føre som beste nordmann.

Rennet vart vunne av austerrikske Stefan Kraft framfor tyskarane Andreas Wellinger og Markus Eisenbichler.

Fannemel er likevel klar for lagkonkurransen i morgon. Øvrige på det norske laget er Robert Johanssson, Johann Andre Forfang og Andreas Stjernen.