Det norske hopplandslaget innkasserte sigeren i lagkonkurransen i skiflyging i Planica laurdag.

Dei tok ein suveren siger med 1551.6 poeng, med Tyskland på andreplass med 1502.6 poeng. Robert Johansson, Johann Forfang, Anders Fannemel og Andreas Stjernen utgjorde dagens vinnarlag.

Fannemel landa på 229,5 meter i første omgang, og auka endå nokre meter i andre omgang med eit hopp på 232 meter. Robert Johansson sitt kjempehopp på 246,5 meter i andre omgang gav laget eit godt utgangspunkt i finalen.

251 meter av Kraft og 251,5 meter av Stoch var dei to lengste hoppa i rennet. Men ankermann Andreas Stjernen sikra norsk jubeldag med eit sistehopp på 227,5 meter.

- Ein vidunderleg lagkonkurranse med fantastiske hopp, meinte dei fornøgde kommentatorane på NRK.

Søndag er det siste og avgjerande renn i verdscupen i hopp i same bakke i Slovenia.