Justering av opplæringstilbodet for skuleåret 2017 - 18 vart handsama i Leikanger onsdag. No er det avgjort kva linjer og kor mange klassar dei vidaregåande skulane får til hausten.

Fleire skular i fylket må justere ned talet på grupper, slik gjekk det ikkje for Stryn vgs.

- No er det klart at vi får ei ekstra linje på byggfag og på helse- og oppvekstfag. Dette er fantastiske nyheiter for Stryn vgs som blir styrka som ein attraktiv vidaregåande skule, seier Sonja Øvre-Flo (H) etter møtet onsdag.

I innspelet frå Stryn vgs går det fram at prøveinntaket viser 18 søkjarar med ungdomsrett, der 12 er tatt inn, medan fem står utan tilbod.

Nøgd - Stryn vgs blir styrka som ein attraktiv vidaregåande skule, seier Sonja Øvre-Flo (H) Foto: Roger Oldeide

- Med to klassar vil ein sikre rekruttering til vidare løp innan bygg- og anleggsteknikk lokalt, og det vil vere fordelaktig for både elevane og næringslivet, heiter det frå søknaden.

Skulen søkte primært om to klassar med 12 elevar pr klasse på vg1.

Slik gjekk det:

  • Vidaregåande trinn 1 bygg - og anleggsteknikk vert auka frå 1 til 2 grupper

  • Vidaregåande trinn 1 helse - og oppvekstfag vert auka frå 1 til 2 grupper