Fylkesmannen inviterer kvart år til ein seremoni for nye norske statsborgarar. Målet med statsborgarseremonien er å ønskje nye statsborgarar velkommen, og å feire overgangen til det norske statsborgarskapet. I år er heile 60 nye, norske statsborgarar frå 12 kommunar og 16 opphavslandpåmelde til statsborgarseremonien for Sogn og Fjrodane, som finn stad på Høgskulen på Vestlandet i Sogndal  laurdag 1. april.

Alle nye statsborgarar som har fylt 12 år blir inviterte og får høve til å ta med deg vener og familie til seremonien. I tillegg møter dei ordføraren frå sin kommune under seremonien.

Under seremonien taler fylkesmannen til dei nye statsborgarane, som også får overrekt ei innbunden bok om Norge.

Dei nye statsborgarane seier også fram eit truskapsløfte, som er slik:

Som norsk statsborgar lovar eg truskap

til mitt land Norge og det norske samfunnet,

og eg støttar demokratiet og menneskerettane

og vil respektere landets lover.

Elles er det musikkinnslag, avsynging av nasjonalsongen og lunsj for dei frammøtte under seremonien.