I eit brev til Stryn kommune skriv Vikane Røde Kors at hjertestartaren dei har på depot i folkeskulen si underetasje i Innvik bør flyttast til Vikane omsorgssenter. Dei meiner at dagens lokasjon ikkje vil fungere når behovet for rask hjelp kan bli avgjerande.

- Vikane omsorgsenter ligg sentralt i bygda og den er døgnbemanna. Vi ser omsorgsenteret som det beste stedet for oppbevaring av hjertestarteren og søker med dette om å kome i dialog med leiinga der for ei best mogleg løysing for Innvik, skriv Jarle Aaberg for Vikane Røde Kors.

I brevet legg Røde Kors til at dei vil stå ansvarleg for vedlikehold, samt ta på seg opplæring og kursing av alle som er interessert.