"Nå går det rett på dunken" syng Einar Schancke i si evigaktuelle revyvise. For NoMil-abonnentar får utsegna fornya tyding i desse dagar: No startar utkøyringa av "den fjerde dunken". Dermed vert kjeldesorteringa ytterlegare forenkla, ved at glas og metall kan puttast i ein dunk ved sidan av dei tre ein har frå før (papir, organisk avfall og restavfall).

Den nye dunken vil ha raudt lok. Han skal nyttast til glas og metallemballasje som klart eller farga glas, syltetøyglas, hermetikkboksar og drikkeboksar som ikkje kan pantast, korkar og lok av metall og aluminiumsfolie. Dunken skal etter kvart erstatte returpunkta som NoMil har ståande rundt om i kommunane, opplyser renovasjonsselskapet. Tømefrekvens på dunken vert kvar 10. veke.

NoMil minner om at tøminga ikkje kjem i gang før på seinsommaren, slik at abonnentane fram til då vil måtte nytte returpunkta som før.

NoMil minner også om kva du ikkje kan kaste i den nye dunken: Porselen, keramikk, krystall, drikkeglas, tallerkenar, eldfaste former, speglar og glasbitar frå vindaugsruter.